|
|
Kilde: Artikkel i Bergens Tidende 24.februar 2003 v/
Resultata er oppsiktsvekkjande etter fem år med kliniske forsøk med selolje i Bergen. Pasientar med betennelse i tarmen og vonde ledd blir kvitt smertene for kortare eller lengre periodar.
Forskarar ved Haukeland universitetssykehus og Nasjonalt institutt for ernæring og sjømatforsking(NIFES) er dei første i verda som har forska på selolje og leddsmerter, og arbeidet kan få store konsekvensar for pasientar i framtida.
Utvetydige resultat
- Om ti år kan selolje bli sjølve «grunnsmøringa» for denne pasientgruppa, og den viktigaste behandlingsforma mot leddplager, seier professor Arnold Berstad ved Haukeland universitetssykehus til BT.
- Er dette ein ny vidunderkur?
- Det ser slik ut. Pasientane har ikkje opplevd noko liknande før. Dei blir kvitt smertene, og opplever selolje som ein vidunderkur, svarar Berstad.
Sidan 1998 har forskarane i Bergen gjort kliniske forsøk med selolje. Både raffinert og uraffinert olje er brukt, og resultata er utvetydige: Pasientane blir kvitt smertene. For somme varer effekten nokre veker, for andre i fleire månader.
- Feittet til selen stivnar ikkje i kulda, forklarar Berstad til BT.
- Når revmatikarar får i seg det same feittet, blir også dei mjuke i ledda, og stivnar ikkje når det er kaldt. Akkurat som selen.
Omega-3
Men det er framleis ei gåte kvifor selolje lindrar leddsmerter. Forskarane trur at svaret ligg i omega-3-feittsyrene, som selolje er rik på.
- Men dette veit vi ikkje sikkert enno, understrekar Berstad overfor BT.
- Forklaringa kan ligge i ulik strukturoppbygging av molekyl i fisk og sel. Kanskje får vi noko av svaret no, seier dr.philos. Livar Frøyland ved NIFES.
Denne veka startar arbeidet med å samanlikne tran og selolje. I dei nye forsøka på Haukeland skal også pasientar med visse typar leddgikt delta.
VIDUNDER-SEL: Selolje kan bli den nye vidunderkuren for pasientar med leddsmerter. Arnold Berstad og Livar Frøyland har gått i bresjen for forsking på selolje i Bergen, og kan vise til oppsiktsvekkjande resultat.