Matportalen 30.10.06: Bromerte flammehemmere i fisk og marine oljer utgjør ingen helserisiko
kilde: www.matportalen.no 30.10.2006
Vi i Arctic Omega-3 Selolje får også fra tid til annen spørsmål fra brukerne våre rundt temaet "bromerte flammehemmere". Bakgrunnen er at de har sett en dokumentar på fjernsynet. Teksten under er hentet fra matportalen, og er kvalitetssikret av Mattilsynet etter en test av NIFES (Nasjonalt Institutt for Ernærings- og Sjømatforskning).
 
"Nivåa av miljøgiftene bromerte flammehemmarar i fisk og marine oljar er låge og dei representerer ingen risiko for helsa til forbrukare, viser ein kartlegging frå Mattilsynet.

Mattilsynet har i 2005 gjennomført eit nasjonalt kartleggingsprogram for å betre dokumentasjonsgrunnlaget for bromerte flammehemmarar i fisk og marine oljar. Resultata frå rapportane gir kunnskap av høg verdi om desse nye miljøgiftene. Nivåa som er funne i dei undersøkte prøvane, er låge og representerer ingen risiko for helsa til forbrukaren.


Bromerte flammehemmarar er eit fellesnamn for ein stor gruppe kjemiske stoff som blir tilsett ulike produkt for å redusere evna deira til å brenne. Dei har kome i fokus fordi dei brytast dårleg ned i naturen, er giftige og blir verande i næringskjeda.


I dette programmet har Nasjonalt institutt for ernæring- og sjømatsforskning (NIFES) på oppdrag frå Mattilsynet analysert 21 prøver for dei bromerte flammehemmarane polybromerte difenyletere (PBDE) og Heksabromsyklododekan (HBCD). Det er analysert filet og lever frå torsk, makrell, sild og oppdrettslaks og også nokre marine oljer (herunder selolje). Som med miljøgifta PCB, finn ein også her dei høgaste nivåa i feit fisk og fiskelever. Likevel er nivåa låge og dei representerer ingen risiko for helsa til forbrukaren."